Pr. 18. august 2022 har vi ingen ledige plassar. Inntak av fleire barn medfører at vi må tilsette fleire ansatte.
Vi har løpande opptak gjennom året dersom det vert ledige plassar ved barnehagen. Søknadsskjema finn ein på Sykkylven kommune si heimeside: www.sykkylven.kommune.no
Søknadsfrist for barnehageåret 2023/2024 : 01.02.23
Dersom de ønsker å flytte over til Velledalen naturbarnehage SA frå ein annan barnehage gjer ein dette ved å fylle ut elektronisk søknadsskjema som ved søknad om ordinær barnehageplass. Søknadsfrist er: 01.02.23
Dersom ein ønsker å utvide/redusere opphaldet i Velledalen Naturbarnehage SA frå barnehageåret 2023/2024 er søknadsfristen 01.02.23
Dersom nokon ikkje har fått søkt innan fristen for hovudopptak er det framleis mogeleg å søke. Ein vert då sett på venteliste, og får tildelt plass dersom det vert ledige plassar.
§4 i vedtekten til barnehagen i henhold til barnehagelova §7 omhandlar opptakskrets og opptakskriteriar for barnehagen.
§4 Opptakskrets og opptakskriterier:
Søknad om opptak skal skje ved samordna opptak i Sykkylven kommune.
Opptakskretser i prioritert rekkefølgje:
1) Born heimehøyrande i Velledalen
2) Born heimehøyrande i Tandstad krins
3) Born som det elles er søkt plass for i barnehagen
4) Born som står på venteliste for å få barnehageplass i kommunen
Barnehagen er open for born som fyller eitt år i opptaksåret. Med atterhald om rett
betaling får born som er tildelt fast plass, behalde plassen til utgangen av barnehageåret det året barnet fyller 6 år.
Følgjande kriteria i prioritert rekkjefølgje gjeld innanfor kvar opptakskrets:
A) Iht. barnehagelova § 13 har born med nedsett funksjonsevne og born som det er fatta vedtak om etter lov om barneverntjenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, rett til prioritet ved opptak i barnehage.
B) Dagleg leiar kan gi tilsette fortrinnsrett ved opptak av born, dersom dette er viktig for å få tilsette i stillingar ved barnehagen.
C) Søsken av born som har plass i barnehagen.
D) Barnehagen skal oppnå ei hensiktsmessig alderssamansetjing og sikre ei
forsvarlig drift.
Årsmøtet kan endre denne bestemminga.