Vi er så heldige at vi har mykje meir enn berre ein leikeplass. Uteområdet vårt består av to store markar, ei med hønsehus, kosebu, skogkant, klatrestativ, bålplass og fleire sjølvlaga disser og slenger. Her leitar vi etter småkryp, utfoldar oss motorisk, leikar blant frittgåande høns og nyt dagane på eit fritt område!
Nedanfor marka har vi nok eit stort område, med grillhytte, campinghytte, sykkelbane, grønnsakshage og potetåker. I tillegg har Velledalen Montessoriskule fått satt opp ein fin gapahuk som vi har tilgang til. Vi har moglegheit til å fyre bål både i bålpanne og inne i grillhytta om vi treng å få i oss varmen på kalde og sure dagar

Nærmiljøet til barnehagen er også svært bra med nærleik til elvar, turstiar, Fetvatnet, skogen, sætrar, fjell og, skule og idrettsanlegg. Og vi er stadig på besøk på gardane som ligg i nærleiken.
Med dei naturgjevne føresetnadane i nærområdet er det naturleg for barnehagen å ha uteliv som hovudfokusområde. Vårt ønskje er at barna i barnehagen skal få gode opplevingar frå leik i naturen og friluftsakvitetetar, samt kunnskap om korleis vi dyrkar mat og kontakt med små og store husdyr.

Vi ønskjer at barna skal trivast ute i alt slags vêr, vere aktive, utforskande og nyfikne over kva dei opplever ute i naturen, og såleis lære seg å bli glad i naturen. Det ein er glad i og som tyder noko for ein når ein er liten, er det lettare å ta vare på og nytte på ein berekraftig måte i vaksen alder.
