Visjon og verdiar

Velledalen Naturbarnehage SA er ein del av "Den Sykkylvske barnehage". Dette fellesprosjektet mellom barnehagane er med å sikre tilbodet og å gjere samarbeid og felleskap mellom barnehagane lettare og betre.

 

TRIVSEL - GLEDE - TRYGGLEIK - LÆRING - FELLESSKAP

 

Desse orda er svært dekkande for kva vi står for, kva vi vil formidle og korleis vil ha det her i Velledalen Naturbarnehage.Alle desse begrepa heng saman. For å trivast må ein vere trygg, for å vere trygg må ein oppleve fellesskap, fellesskap skaper glede og glede gjev næring til læring.