Regndalen (1-2 åringane):
Hausten 2026 vil det bli 9 barn på Regndalen.
Det komande året har vi bestemt at vi skal halde fram med å bruke ”snakkepakken året rundt” på alle basane i barnehagen. ” Snakkepakken” er eit pedagogisk språkverktøy som er med på å styrke barna si språkutvikling. Månadsplanane vil innehalde tema frå dei ulike fokusområda i rammeplanen. Dei fleste av aktivitetane gjennom dagane vil ha impulsar frå ”snakkepakken”, og samlingane vil vere fine arenaer for bruk av språkverktøyet. Vi vil også nytte månadens eventyr som vi finn i snakkepakken.
Dette året vil vi la ungane bade i språk! Vi har eit ekstra fokus på fokusorda i snakkepakken, og dei vil bli hengt opp på avdelinga og sendt med heim kvar månad. Slik kan vi saman med heimen utforske og lære ord og omgrep i kvardagen. Vi vaksne vil vere lydhøyre til barnas språkuttrykk og hjelpe dei med å verte trygge på eige språk. Det skal vere kjekt å utforske språket.
Kvardagen på basen vil vere prega av omsorg, nærheit og trygge vaksne.
Det er viktig for oss å få trygge barn på basen, og for å få dette til treng vi også trygge foreldre. Personalet på basen vil difor legge vekt på å få til eit godt foreldresamarbeid. Vi vil arbeide for å få til gode rutine situasjonar som gjer at barnehagekvardagen vert forutsigbar for dei minste. Barna skal kjenne tryggleik i kvardagen, og dei skal få vere med på å prege eigen kvardag gjennom kroppsspråk og handling. Her må vi vaksne vere lydhøyre for barna sine innspel.
Vi er ein naturbarnehage og det vil også vise att med dei minste. Vi vil bruke mykje tid ute, både på tur og pådet fine området vårt. Når vi har formingsaktivitetar og liknande vil naturmateriale verte mykje brukt. Vi er opptekne av at barna, sjølv dei minste, skal lære seg å ta vare på naturen rundt seg og verte glad i å ferdast i naturen.
Geita (3-5 åringane):
Som dei to andre basane i barnehagen skal vi også arbeide med ”snakkepakken året rundt”. Der hentar vi ut dei elementa som vi ønskjer å ha med oss og som vi meiner vil passe best for gruppa.
Hovudmåla for oss er omsorg, leik, læring og sosial og språkleg kompetanse. For å oppnå desse måla har vi mange idear som vi ønskjer å gjennomføre saman med barna. Her er nokre eksempel på kva vi vil fokusere på:
Uteliv, der vi tek med oss tema frå ”snakkepakken”. Vi vil bruke drama gjennom ulike forteljingar og eventyr, og vi vil arbeide med song og musikk ute. Forskarar hevdar at musikk er viktig for utvikling av språk og sosial kompetanse.
Vi kjem ofte til å ete maten vår ute og til å lage mat ute. Vi vil gradvis auke lengda på turane, og kanskje vil dette bli ei fin førebuing til tida på utebasen seinare.
Vi vil også arbeide med kreative aktivitetar knytt til naturmateriale. Det er spennande å sjå kva vi kan bruke ting til. Vi tenkjer oss at treåringane vil ha stort utbytte av motorisk trening i terreng. Vi får høve til å lære meir om natur, dyreliv, plantar og vekstar.
Innføring av visuell dagsplan, der barna får hjelp til å få oversikt over eigen
kvardag. Vi vil bruke enkle og tydelege bilder som barna lett kan forstå.
3– års alderen er viktig når det gjeld utvikling av språk og språkforståing. Vi vil arbeide med å gi alle barna best muleg kompetanse på området ut frå deira eigne føresetnader.
Vi har veldig mange tankar og idear, og vi gler oss veldig til å ta fatt på
hausten!