SOLID START SYKKYLVEN 2018-2019

SOLID START SYKKYLVEN er ei satsing på motorikk og fysisk aktivitet i barnehagen, etter inspirasjon frå Gausdalmodellen. Satsinga er i samarbeid med kommunal fysioterapeut og ergoterapeut, og omfattar alle barn i aldersgruppa 3-6 år.

Barnehagen skal følgje eit årshjul i motorisk aktivitet Dette er med å legge grunnlaget for utvikling av ferdigheiter som skal gjere barnet meir modent og klar for læring ved skulestart. Motorikk blir ikkje utvikla av seg sjølv. Vi må gjere ting mange gongar for at vi skal meistre ei fysisk oppgåve. Det er viktig at barn opplever glede og meistring i aktivitet. Årshjulet med forslag til nokre aktivitetar finn de nederst på kalenderdelen i årsplanen.

Alle barn i alderen 3-6 år skal delta i 30 min motorisk aktivitet 3 dagar pr. veke. For Geita og Råna er ei av desse øktene lagt til gymsalen på Velledalen Grendahus. 

Kvar månad vert det sendt ut nyheitsbrev til heimen med informasjon om aktivitetar i månaden som kjem og tips om korleis ein kan støtte opp om dette i heimen.

I september skal barnehagen arbeide med aktivitetar som fremjar kinestetisk sans og grunnleggande rørsler.

Kinestetisk sans vert også kalla muskel og leddsans. Sansane får impulsar frå musklar, sener og ledd som sender impulsane vidare til hjernen. Sansen gir nervesystemet informasjon om kroppsdelane si stilling og rørsle. Aktivitetar kan vere å peike på og seie namnet på ulike kroppsdelar. Hermegåsa  er også ein fin aktivitet.

Grunnleggande rørsler er rørsler som rulle, åle, krype, gå, slenge, hoppe, løpe mm. Dei grunnleggande rørslene bør vere automatisert før skulestart. På denne måten vert det frigjort kapasitet til anna læring. Krabbing og åling på golvet og ute i naturen er fine aktivitetar. Ute kan ein rulle i ei skråning, krype og åle under hinder. Krabbing utviklar koordinasjonen mellom kroppshalvdelane og utviklar stabilitet i skulderledd. Krabbing gir og vektbering på hender som igjen er viktig for seinare skriveferdigheiter.

Det finn årshjulet i linken under:

ÅRSHJUL 2018-2019