SOLID START SYKKYLVEN I APRIL

I april skal barnehagen arbeide med aktivitetar som fremjar hoppeferdigheiter og ballferdigheiter, og halde fram med aktivitetar som fremjar finmotorikken.

Hopp:

Hopping er ei viktig motorisk ferdigheit som stimulerer fleire sansar og som dei fleste barn synest er veldig kjekt. Å hoppe stimulerer også balanse- og koordinasjonsferdigheiter. Allereie frå fødsel av har barnet refleksar som gjer at barnet sparkar frå om tærne kjem i kontakt med bakken under. Etter kvart utviklar nervesystemet seg og barnet lærer seg å gå og hoppe. I starten kan dei streve litt med å hoppe med samla bein. 3 - åringen klarer gjerne å hoppe opp med samla bein og sleppe golvet heilt. 4 - åringen klarer å hoppe nokre samanhengande hopp opp og ned, og å hoppe fleire hopp framover. 5-6 -åringen klarer å hoppe mange hopp opp og ned og å hoppe spenstig framover med samla bein. Dei fleste 5-åringar meistrar også hinking og 6-åringen hinkar rytmisk.

Å hoppe på trampoline, hoppe paradis, tau og strekk er fine aktivitetar for å fremje hoppeferdigheiter. I naturen kan ein hoppe frå stein til stein, ned frå små høgder og over ulike hinder.

Ball:

Ballaktivitetar stimulerer auge-hand- og auge -fot-koordinasjonen. Utvikling av ballferdigheiter er svært avhengig av erfaring, og barna treng mange ballberøringar. Det er lurt å ha mange ballar av ulik storleik og materiale tilgjengeleg, men også ballongar, puter, badeballar mm kan nyttast. La barna få øve seg på å kaste og ta imot, sparke ball, stusse og kaste mot vegg. Dette er fine aktivitetar for dei vaksne å gjere saman med barnet.