Anita og gjengen på Regndalen hadde kokt kaffi og steikt vafler. Råna gjengen trilla stolar til kafeen, ja alle var i sving for å bli klare til kafe.
Å du kor glade vi vart når dei første blide besteforeldra og oldeforeldra kom. Og jammen kom det også andre eldre som hadde lyst å vere saman med oss.
Praten sat laust rundt borda. Vaflene og kaffien gjekk unna. Nokre spela spel og las bøker medan andre laga duskar. Geita gjengen organiserte sangsamling med kjende og kjære barnesongar. Rett så triveleg å sjå kor barn og eldre kosa seg i lag.
Dette er heilt sikkert eit tiltak vil vil gjere fleire gongar, og det vert heilt sikkert ein kafe til før sommarferien. Vi har også veldig lyst til å invitere bebuarar frå BUAS på besøk hit til barnehagen i tillegg til dei allereie planlagde besøka vi skal ha på BUAS.
Alle er vi samde i at delt glede er dobbel glede :)