SOLID START SYKKYLVEN - MARS 2017

I mars skal barnehagen arbeide med aktivitetar som fremjar vestibulær sans og finmotorikk.

Vestibulær sans:

Den vestibulære sansen er plassert i det inder øyre. Den fortel oss kor vi befinn oss i forhold til tyngdekrafta, om vi står stille eller er i rørsle, kor fort vi er i rørsle og i kva retning vi forflyttar oss. Vestibulær sansen er viktig for å oppretthalde god balanse.  Balansen er viktig i all motorisk aktivitet. Alle snurre- og rulleaktivitetar stimulerer vestibulær sansen. Aktivitetar kan vere å stupe kråke, rulle som ein tømmerstokk, svinge og svaie, balansering, klatring, sykling og hopping på til dømes trampoline. Ta ein tur på leikeplassen der barna kan disse, balansere og skli.  Barn synest ofte aktivitetar som stimulerer den vestibulære sansen er morsom :)

Finmotorikk:

Finmotorikk er dei små rørslene i fingrar/hender som vi brukar når vi skriv, klipper, pusler og legg perler mm. For at vi skal ha god finmotorikk må mange grovmotoriske ferdigheiter vere på plass. Barnet treng særleg stabilitet og styrke i overkroppen, skuldrar og nakke. Dette er viktig for å å klare å halde stillingar over tid og å klare å spenne/avspenne ved behov.

Å skrive er den mest kompliserte motoriske utfordringa eit barn får. Difor må ein sjå alle finmotoriske ferdigheiter som grunnlag for skriving. Eit barn treng å ha ei brei erfaring med ulike fin- og grovmotoriske aktivitetar før det med hell kan byrje på skriveinnlæringa.

Ei stabil sittestilling er viktig for at barnet skal kunne bruke krefter og konsentrasjon på sjølve aktiviteten. Det er viktig at stolen vert tilpassa barnet etter som det veks. (90 grader i ankel, kne og hofter) slik at ein har god støtte under fotsålane og at underarmane kan ligge greitt inn på bordplata. Det er mykje god finmotorisk trening i daglegdagse aktivitetar som til dømes å kneppe knappar, lukke/opne glidelås, smøre på brødskiva, hjelpe til å skjære frukt /grønsaker, ete med kniv og gaffel, kna og bake deig og skru opp /igjen korker og lokk.

Håper de også på heimebane kan trene på nokre av desse aktivitetane som vi har fokus på i barnehagen