Dei hadde kledd på seg sine gule "Livsglede " t-skjorter og pakka den gule trillekofferten med stigespel og rimlotto. Først kom nokre eldre til Jettegryta og etterkvart strøyma det på med bebuarar. Etter å ha prata saman og spela spel åt barn og vaksne nistemat i Jettegryta. Besøket vart avslutta med ein tur rundt Haugneset før alle tok bussen heim att. Dette er noko som vi så absolutt kjem til å fosette med. Å fare på besøk til BUAS var til stor glede for oss og kjekt også for bebuarane på BUAS.
Foreldre/føresette kan sjå bilde frå turen på lukka heimeside.