SYMJEOPPLÆRING FOR FØRSKULEBARN

Fredag 20. januar hadde førskulegruppa ved Velledalen Naturbarnehage SA første symjeøkta i Velledalen Symjehall.

Fire dugande damer frå Sykkylven Symjeklubb var instruktørar. Barna storkosa seg, sjølv om nokre nok syntes at vatnet og garderobene var litt kalde. Etter ein varm dusj og deileg varm kakao til lunsj var gjengen klar for utetid.  Mange gler seg nok allereide til neste symjeøkt :)