BRAVOKURS LEVEL UP

Onsdag 7. september var Heidi Aabrekk og Elisabeth Hunnes frå Intempo i Velledalen og heldt kurs for dei tilsette ved Velledalen Naturbarnehage.

Vi fekk også besøk av Ikornnes FUS, ein barnehage frå Stranda og ein frå Sula. Tryggleik, fysisk aktivitet, kosthald og språk-og sansestilmulering er fire viktige element i språkleiken BRAVO.

Kurset var ei blanding av forelseing og arbeid i grupper.  Praten og latteren sat laust og ein kunne kjenne på entusiasmen og engasjementet i personalgruppene.  I løpet av nokre kveldstimar fekk vi alle påfyll av kunnskap og ny inspirasjon til å arbeide vidare med og vidareutvikle opplegga våre innanfor språkleiken BRAVO. 

Opplegget høver godt saman med prosjektet "SOLID START SYKKYLVEN". (Alle barn får motorisk trening minimum 45 min 3 dagar pr. veke)