STYREHONORAR I VELLEDALEN NATURBARNEHAGE SA

I dei siste dagane har det kome fram at styret i ein privat barnehage her i Sykkylven kommune har teke ut 3 millioner kroner i honorar sidan 2008 og fram til i dag. http://www.smp.no/nyheter/indre/2016/09/05/Styre-i-barnehage-tok-ut-tre-millioner-i-honorar-13287007

Det vert vidare vist til at honorara ligg langt høgare enn i dei tre andre private barnehagane i Sykkylven.  I Velledalen Naturbarnehage SA har ikkje styret hatt honorar for arbeidet dei har gjort. Det vart heller ikkje på generalforsamlinga i 2016 sett fram forslag om honorar og godtgjersle til styret. 

Når det gjeld bruk av årsoverskotet står det i §13 i selskapsvedtektene at "Årsoverskotet skal godskrives eigenkapitalen i barnehagen".  Det vert såleis ikkje utbetalt utbytte til eigarane av barnhagen .  Eigarane er til ei kvar tid dei forledre som har barna sine i barnehagen og stiftarane av barnehagen.  Barnehagen vart i si tid stifta av 7 lag og organisasjonar med tilknyting til Velledalen.  Dette var:  Velledalen IL, VRF, Velledalen Skulekorps, Velledalen Ungdomslag, L/L Velledalen grendahus, Velledalen helselag og Velledalen i Balanse AS.