STUDIEDAG FREDAG 13. NOVEMBER

BARNEHAGEN ER STENGT FREDAG 13. NOVEMBER GRUNNA STUDIEDAG.

Denne dagen skal personalet på barnehagen få opplæring i skrivedans.

Skrivedans vart utvikla av Ragnhild Oussoren -Voors.   Skrivedans kom til Norge i 1999 og vert mykje nytta av ergoterapeutar, fysioterapeuter og pedagogar i skule og barnehage.

Kva er skrivedans?

Målsetting:   å gå frå frie beveglesar til konkrete linjer.

Verkemiddel:  leik, musikk, dans, fantasi og forming.

Det handlar ikkje om innlæring av bokstavar, men om innlæring av førebuande bevegelsar til skriving.  Rette linjer og runde former.

Skrivedans programmet er øvingar som går over 9 veker.  Kvar veke har eit spesielt tema som ein trenar og bearbeider ved hjelp av grovmotoriske øvingar til musikk og individuelle oppgåver med farge og papir.

Veke tema:

  • vulkan
  • landskapsvandring
  • runde og åttarar
  • strek-vinkel-robot
  • toget
  • treet som veks
  • sølvringar over havet
  • kattar
  • mandala

Effektar av skrivedans etter å ha nytta metoden over tid:

  • barna får betre kroppsbevisstheit
  • betra auge-hand koordinasjon
  • meir flyt i bevegelsane
  • betre konsentrasjonsevne
  • betra rom og retningssans
  • tydeleg utvikling av dominant hand

13. november kjem Ergoterapeut Birgitte Ulstein Kvangarsnes til barnehagen for å halde kurs i Skrivedans. Vi gler oss!