GYMLEIK I GYMSALEN PÅ GRENDAHUSET

Kvar måndag vert det Gymleik for barna på Geita frå kl. 9.30-10.30. Nokre gongar held vi kanskje på til kl. 11.00. På fredagane er det barna på Råna sin tur. Etterkvart som barna på Regndalen vert tryggare vil dei få si eiga økt onsdagane.

I Gymleiken har vi fokus på grovmotoriske øvingar.  Nokre gongar vil vi vere i gymsalen og av og til nyttar vi uteområdet til gymleik.