"Jeg er her"

Redd Barna arrangerte 12. mars 2015 seminar om "Den avdekkande samtalen" i Ålesund. Personalet ved Velledalen Naturbarnehage nytta delar av studiedagen til dette viktiget seminaret. Foredragshaldarar var Reidun Dybsland frå ressursenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsforebygging, Region Vest (RVTS Vest) og Lars Due-Tønnesen som er Redd Barnas spesialrådgjevar for beskyttelse mot vald og overgrep.

I starten på mars 2015 lanserte Redd Barna ei nasjonal kampanje om seksuelle overgrep mot barn.

Seksuelle overgrep skjer nærare, oftare og er meir skadeleg enn folk trur.  Redd Barna ønskjer å gi vaksne den kunnskapen dei treng for at fleire barn skal bli sett, høyrd og trudd.

Synest du dette høyrdes interessant ut og ønskjer å få vite meir om dette kan du gå inn på linken under:

www.reddbarna.no/jegerher

"Jeg er her.  Barn trenger modige voksne.  Modige voksne snakker."