MANGE SPREKE BARN OG VAKSNE I VELLEDALEN NATURBARNEHAGE

På laurdag 11. oktober gjekk det 51km lange Ramstaddalløpet av stabelen. Løpet er eit symbol på at saman er vi sterke og at vi saman kan klare det som for eit menneske kan virke uovervinneleg.

Løpet hadde i år 24 etappar og heile 61 personar var med  på løpet.  Einskildpersonar og familiar melde si interesse for å vere med og fekk tildelt ulike etappar.  Her kunne ein nytte så mange personar ein ønskte.

Etter målgang samlast deltakarane på grendahuset til uformelt premiedryss, kaffi, saft og kaker.

Frå Velledalen Naturbarnehage SA deltok 3 frå personalet og 2 barn.  Litt moro var det at ei av vekslingane var mellom Anders (snart 5 år) som går på  uteavdelinga Råna og Anita Nakken  som er pedagogisk leiar på Geita!

Neste år håper vi at endå fleire barn og vaksne frå barnehagen melder si interesse for å vere med. Det er plass til alle!