OMVENDT JULEKALENDER TIL EMANUEL HJELPENDE HENDER

Velledalen Naturbarnehage SA vil i år slå eit slag for den omvendte julekalender. 6. desember 2013 rundt kl. 14.00 kjem Therese Stave Hovland, representant for Emanuel Hjelpende Hender, til Velledalen Naturbarnehage for å ta i mot det barn og vaksne på barnehagen har samla inn av julegåver til fattige barneheimsbarn i Ukraina.

Dersom de har eit klesplagg barnet dykkar har vokse ut av og som er reint og heilt eller ei leike / eit kosedyr som ikkje lenger vert brukt i heimen så tek vi gjerne i mot.

Pakk då kleda /leika / kosedyret inn og skriv på pakkelappen om gåva høver til gut eller jente og kva aldersgruppe gåva høver til.

Det er ikkje meininga at det skal kjøpast noko nytt. Meininga er at vi gir noko av vårt overskot.

Pakken må levrast på barnehagen seinast onsdag 3. desember 2013