Velkommen til nytt barnehageår!

Vi er godt i gang med nytt barnehageår og våre nye barn byrjar å finne seg godt til rette og dei meir vante barna våre er varme i trøya att.

Tysdag 27. august vert det foreldremøte for både avdeling Regndalen og Geita. Vi håper mange tek seg tid til å kome.

Dette barnehageåret vil vi fokusere endå meir på kva som gjer oss til ein naturbarnehage og vårt særpreg med naturen og vårt unike uteområde rett utanfor barnehagedøra. Vi har høner og kaninar på barnehagen og barna tek aktivt del i stell og mating av dyra. 

Vi har stort fokus på variert og sunt kosthald der dei nasjonale retningslinjene er rettesnor for kva mat vi serverer. Vi nyttar lokale og kortreiste råvarer, frukt frå eigen hage, og frukt og grønsaker frå hagane til barna og dei tilsette. Vi bakar gode grovbrød på barnehagen og kvar fredag serverer vi havregrynsgraut.

Vi har varmmat to dagar pr. veke, tysdagar og torsdagar. Hittil på menyen har vi servert blomkål- og brokkolisuppe m. bacon og brød, ovnsbakt laks, heimelaga kjøttkaker av kortreist kverna storfekjøt, heimelaga tomatsuppe og heimelaga fiskegrateng. Tilbakemeldingane frå barna og dei vaksne er gode så langt. "Like godt som pannekaker eller , nei som sjokoladekake " kunne ein høyre rundt matbordet i dag når den heimelaga fiskegratengen vart servert med kortreiste poteter frå Storstova i Valldal og gulrøtter.

Vidare på menyen står kortreiste storfeburgarar, heimelaga skinkegrateng, fiskeburgarar og seibiff m. løk, potet og raspa gulrot. Så repterer vi menyen og startar på att med blomkål- og brokollisuppe.

<