FN-kafe 24. oktober 2023

PÅ tradisjonelt vis vart FN-dagen markert med FN-kafe på barnehagen.

Vi serverte "klaresjølv suppe" med flatbrød og smør, sjokoladekake,oreokake og kaffi. Barna hadde laga tennbrikettar av tidlegare innsamla kongler og flotte haustbilete som kunne kjøpast til valgfri sum. 

Vi tek ingen fast sum korkje for mat, kaffi og kaker eller for produkta barna har laga. Famile og foreldre betaler den summen dei ønskjer sjølve og som lommeboka toler.

Mange tok seg tid til både å ete middag og prate over ein kaffikopp og eit kakestykke. 

Tusen takk til alle som bidrog. I skrivande stund er det kome inn kr. 2.250,- som går uavkorta til årets TV-aksjon og Redd Barna.