TEATER PÅ BARNEHAGEN ONSDAG 4. OKTOBER

Onsdag 4. oktober vitja Marianne Løseth og teaterkompaniet Grep barnehagen. Vi inviterte med oss heile gruppe 1 og 4. klasse på Velledalen Montessoriskule. Stykket denne gongen var " Lykkeliten" og jakta på lykka.

Lykkeliten veks opp og er lykkeleg, men ein dag oppdagar ho at alle dei andre borna har ting som ikkje ho har, nokre har flotte syklar, dyre kle og får lov til ting som ikkje ho får lov til. Dei får vere vaken så lenge dei vil, og det får ikkje Lykkeliten. Så høyrer ho at dei får reise på ferie til land som ho ikkje ein gong har høyrt om. Brått er ikkje Lykkeliten lykkeleg lenger. Ho bestemmer seg for å reise ut i verda for å finne ekte lykke, slik som alle dei andre har. Slik startar eventyret om Lykkeliten på jakt etter Lykken. Lykkeliten med prinsessekrona som ho bytter til seg frå Slemme-Sigurd med godtepose. På reisa si treff ho ulike personar som: Slemme Sigurd, Prinsesse Erte Berte, Sure- Sinte- Stig og Triste-Trine. Alle har noko ho ynskjer seg, og etterkvart byttar ho vekk sine eigne eigenskapar, for å oppnå draumen sin om lykke. Men vert reise slik ho trudde, og finn ho lykka?