AUGUST MÅNAD

I august månad har vi fokus på å ta i mot nye barn og la dei som allereie går på barnehagen bli kjende på nye avdelingar og med nytt personale.

Å starte i barnehagen er ei stor endring i livet for både barn og foreldre. Bufdir kjem her med nokre råd om korleis ein kan gjere denne overgangen så smidig som muleg.

Dei aller fleste barn i Norge startar i barnehagen etter å ha vore dei fyrste månadane av livet heime med foreldra. Frå å ha full merksemd retta berre mot seg, skal dei møte ei verd der dei må dele leiker, merksemd og trøyst med fleire andre barn.

Lag rolige ettermiddagar og helgar

Når eit lite barn byrjar i barnehage er det mykje nytt å lære og venne seg til.Kanskje hugsar du korleis det kan vere å starte i ny jobb som vaksen? Du må venne deg til nye rutiner, framande lokale, nye arbeidsoppgåver, andre kollega og kanskje ein eller fleire nye leiarar.

Tenk då kor stor overgangen er for eit barn som stort sett har vore heime med dykk foreldre og kanskje nokre få andre menneske. Den første tida kan det vere lurt å ikkje finne på så mykje anna på kveldar og i helgane. Ta det roleg og la barnet samle krefter til nye dagar på den nye «arbeidsplassen».

Avskjedar kan vere vanskelege

Mange synest det er vanskeleg når ein skal seie «ha det» og gå frå barnet i barnehagen. Det strid mot instinkta våre å gå dersom barnet græt. For nokre går det heilt greit, for andre er det vanskeleg frå fyrste dag. Det kan og kome vanskelege periodar når barnet vert eldre.

Hugs å skilje mellom dine eigne og barnet sine følelsar. Avskjeden kan vere tøffare for foreldra enn for barnet. Barn les foreldra sine følelsar. Dersom du verkar bekymra, kan bekymringa «smitte» over på barnet.

Erfaringar frå barnehagane er at barn som græt, ofte er i full gang med å leike kort tid etter at foreldra er ute av syne. Lag gjerne ein avtale med dei tilsette om at de kan ringe avdelinga etter ei lita stund og høyre korleis det går, eller at peronalet sender dykk ei melding etter ei lita stund og fortel korleis det går.

Du bør seie klart frå til barnet at du går – og så gå med ein gong. Ikkje snik deg ubemerka av garde, og kom heller ikkje attende dersom du høyrer frå garderoba at barnet ropar etter deg. Ta heller kontakt med personalet på telefon etter nokre minutt.

Det er ein naturleg refleks å ville trøyste sitt eige barn. Men dersom barnet sin kontaktperson i barnehagen får trøyste, styrkjer det barnet sine band til denne personen og barnehagen vert ein tryggare stad.

Du kan lese meir om bufdir sine råd i linken under:

https://bufdir.no/Foreldrehverdag/Smabarn/a_begynne_i_barnehagen/

Også dei barna som har gått i barneghagen treng tid til å venne seg til nytt personale, nye avdelingar og nye rutiner. Mange barn blir nok og meir slitne etter ein dag i barnehagen etter mange veker med sommarferie. Også for dei større barna er det lurt å ha litt rolege ettermiddagar og helgar no i oppstarten slik at dei får tid til å samle krefter.

 

Vi på barnehagen ønskjer dykk ein god oppstart i barnehagen