BARNEVERNVAKTA TLF. 412 84 400

Barnevernvakta er eit samarbeid mellom kommunanae Giske, Sula, Sykkylven og Stranda. Barnevernvakta sitt formål er å "sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deres helse og utvikling, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid", jmf barnevernsloven §1-1.

Barnevernvakta er barenverntenesta sin akuttberedskaputanom ordinær arbeidstid i tidsrommet mellom kl. 15.30-08.00 på kvardagar og heile døgnet i helgar og høgtider.

Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag.

Barnevernvakta tek imot akutte henvendingar på telefon frå private personar og offentlege instansar som er akutt bekymra for barn og unge som oppheld seg i dei respektive kommunane.

Barnevernvakta skal bistå med å løyse den akutte situasjonen og vurdere å kontakte andre instansar ved behov.

Det er betre med ein telefon for mykje enn ein for lite. Er du uroleg for eit barn, ring.