FISKESPRELLKURS FOR PERSONALGRUPPA ONSDAG 31.10.18 OG TORSDAG 01.11.18

Onsdag 31.10.18 vert det teoretisk del av vårt fiskesprellkurs.

Denne kvelden får personalet aktuell informasjon om Fiskesprell, mat og måltid i barnehagen og barn og sjømat. I tillegg vil vi få kunnskap om overfølsomheit for mat i barnehagen og inspirasjon om korleis lage mat saman med barn.

Torsdag kveld vert det praktisk del som skal gjennomførast ute på barnehagen. No får vi innføring i varmekjelder og utstyr og korleis behandle fisk. Etter denne innføringa vert det jobbing i grupper, og ikkje minst erfaringsutveksling og eting rundt bålet. Vi gler oss, og dette vert kjekt!