VELKOMMEN TIL HAUSTTAKKEFEST OG FN-KAFE ONSDAG 24. OKTOBER KL. 14.00-16.00

Vi held fast på menyen frå tidlegare år og serverer brennsnut med kaffi og kake til dessert.

Barna har sylta og safta, og sel både ripssaft, eplesyltetøy og plommesyltetøy. Nydeleg gode produkt :)

I tillegg har barna dekorert kjeleunderlag og laga fine haustkoppar som dei sel.

 

Prisen bestemmer du sjølv, og all inntekt går uavkorta til Lola Day Care på Filippinane. Barnehagen har støtta prosjektet "Lola Day Care" v. May Britt Tynes i fleire år.

Vi håper rett mange foreldre, søsken og eventuelt besteforeldre tek turen innom oss!

Velkommen!