Stabilitet er evna til å halde stabile posisjonar i sentrale ledd som skulder, ryggsøyle, hofte, kne og ankel. God skulder- og kjernestabilitet er viktig når vi skal skrive og utføre presisjonsarbeid. Døme på øvingar som stabliserer rundt skulderleddet er å gå trillebår saman med ein venn.
Balanse nyttar ein i alle bevegelsar ein gjer. Fleire sansar samarbeider for å oppretthalde balansen. God balanse gir oss betre kroppskontroll, kroppshaldning og koordinasjon. Å gå i ulendt terrreng, klatre over tre, stubbar og stein gir god utfordring for balansen.
Taktil sans blir også kalla berøringssansen. Taktil sans vert brukt for å regulere temperatur, kjenne smerte, trykk og vibrasjonar. Den taktile sansen hjelper oss til å kjenne om noko er varmt eller kaldt, hardt eller mjukt og vi nyttar sansen når vi gir kvarandre ein klem. Den taktile sansen fortel meg grensa for kva som er meg og kva som er omgjevnadane mine. Vi utviklar den taktile sansen når vi kjenner på ulike matriale, eller går barbeint på sand, i grus og på stein.