Søke barnehageplass

Velledalen Naturbarnehage er med i fellesopptaket til barnehagane i Sykkylven kommune.

Pr. 16.januar 2019 har vi nokre ledige plassar for barn i alderen 1-3 år.

Vi har løpande opptak gjennom året dersom det vert ledige plassar ved barnehagen.  Søknadsskjema finn ein på Sykkylven kommune si heimeside: www.sykkylven.kommune.no

Søknadsfrist for barnehageåret 2019/2020 :  01.02.19

Dersom de ønsker å flytte over til Velledalen naturbarnehage SA frå ein annan barnehage gjer ein dette ved å fylle ut elektronisk søknadsskjema som ved søknad om ordinær barnehageplass.   Søknadsfrist er: 01.02.19

Dersom ein ønsker å utvide/redusere opphaldet i Velledalen Naturbarnehage SA frå barnehageåret 2019/2020 er søknadsfristen 01.02.19

Dersom nokon ikkje har fått søkt innan fristen for hovudopptak er det framleis mogeleg å søke.  Ein vert då sett på venteliste, og får tildelt plass dersom det vert ledige plassar.

§4 i vedtekten til barnehagen i henhold til barnehagelova §7 omhandlar opptakskrets og opptakskriteriar for barnehagen.

 §4 Opptakskrets og opptakskriterier:

Søknad om opptak skal skje ved samordna opptak i Sykkylven kommune.

Opptakskretser i prioritert rekkefølgje:

1)  Born heimehøyrande i Velledalen

2)  Born heimehøyrande i Tandstad krins

3)  Born som det elles er søkt plass for i barnehagen

4)  Born som står på venteliste for å få barnehageplass i kommunen

Barnehagen er open for born som fyller eitt år i opptaksåret. Med atterhald om rett
betaling får born som er tildelt fast plass, behalde plassen til utgangen av barnehageåret det året barnet fyller 6 år.

Følgjande kriteria i prioritert rekkjefølgje gjeld innanfor kvar opptakskrets:

A)  Iht. barnehagelova § 13 har born med nedsett funksjonsevne og born som  det er fatta vedtak om etter lov om barneverntjenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, rett til prioritet ved opptak i barnehage.

B)  Dagleg leiar kan gi tilsette fortrinnsrett ved opptak av born, dersom dette er viktig for å få tilsette i stillingar ved barnehagen.

C)  Søsken av born som har plass i barnehagen.

D)  Barnehagen skal oppnå ei hensiktsmessig alderssamansetjing og sikre ei
forsvarlig drift.

Årsmøtet kan endre denne bestemminga.