Praktisk informasjon

Her finn du litt praktisk informasjon om mellom anna opningstider, tillvenning, kjernetid, mat, bringing/henting, klede, rutiner ved sjukdom og fødselsdagar. Er det ting de lurer på, eller ting de vil påpeike både på godt og vondt, er det viktig at de tek kontakt og seier det til oss. Vi arbeider alle mot same målet at barna skal ha det best mogleg i barnehagen.

Opningstid
Opningstida i barnehagen er frå 06.30 til 16.45. 

 

Tilvenning
Dei tre fyrste vekene etter oppstart på hausten vil gå med til å skape trygge rammer for dei nye barna samstundes som dei andre barna skal finne attende til ro og tryggleik frå før sommarferien. Alle barna har sin eigen primærkontakt som har ansvar for å følgje opp barnet og kontakta med heimen spesielt den fyrste tida, men også gjennom resten av barnehagetida. Ved bruk av primærkontakter håper vi å legge til rette for eit godt opphald for barnet i Velledalen Naturbarnehage SA.

 

Kjernetid
Tida frå kl. 09.00-14.00 ønsker vi å disponere til ulike aktivitetar og turar. Har de ikkje høve til å kome til dette tidspunktet eller ønsker å hente barnet tidlegare, gjev de melding til oss. Då kan vi gjere avtalar om til dømes levering eller henting andre stadar dersom vi er på tur, på grendauset eller liknande.

 

Måltid
Vi har tre måltid på barnehagen.

  • Frukost: Frå barna kjem på barnehagen til kl. 08.45. Vi ønsker at dei barna som kjem etter kl. 08.30 har ete frukost heime. Barna har med matpakke til dette måltidet. Barnehagen held med mjølk.
  • Lunsj: Barna har lunsj frå omlag kl. 11.00.   Vi har smørjemåltid i barnehagen kvar veke. Då serverer vi hemebaka brød/kjøpe brød med variert pålegg og mjølk. Ein dag for veka har vi varm mat. Vi prøver å variere dagane vi serverer varm mat slik at dei som også har redusert plass skal få varm mat enkelte dagar.
  • Fruktmåltid: Frå om lag kl. 14.00-14.45. Vi kjøper inn frukt og grønnsaker til desse måltida. Vi prøver å servere frukt og grønnsaker som høver til årstidene. Av grønnsaker prøver vi å kjøpe økologisk når det er til rådvelde på den lokale butikken vår. I tillegg har vi litt påfyll av brødmat.


Vi prøver å lage ei roleg ramme rundt måltida, gjerne med bruk av levande lys. Det er viktig at barna får til til å ete maten sin i fred og ro. Barna treng å få dekt behovet sitt for tilførsle av energi frå morgonen av. Dette gjer at frukosten vert like viktig som lunsjen og fruktmåltidet. Ei god og jamn energitilførsle gjer at dagen går lettare, læring får betre vilkår og humøret svingar mindre. Måltida har også ein pedagogisk funksjon, som til dømes å klare seg sjølv, lære seg å smørje på skiva sjølv, sende til kvarandre, vente på tur og ikkje minst bordskikk.

 

Matpengar
Mat, frukt, grønnsaker og råvarer til lunsj vert kjøpt inn av barnehagen. Betaling av dette skjer via ordinær månadsfaktura. Prisane er som fylgjer pr. månad:

 5d= 300,-kr, 4d= 240,- kr,

 

Bleieavtale
Velledalen Naturbarnehage SA tilbyr bleieavtale. Dette inneber at barnehagen kjøper inn våtserviettar og bleier til bruk mot ein kostnad pr. månad. Pr i dag har vi slike prisar: 5d= 145 kr/mnd, 4d= 116 kr/mnd.

 

Vottekonto

Barnehagen tilbyr vottekonto til alle barn.  Barnehagen held då med vottar og sørger for at barnet har reine og tørre vottar til ei kvar tid.

Prisar:  Kr. 400,- for 1. barn og deretter kr. 250,- for barn nr. 2, 3 og 4 i oppstartskostnad.

Barnehagen tek kr. 200,- i vedlikehaldskostnad pr. barn i dei påfølgande åra barnet / barna går på barnehagen. Prisen kan bli justert.

 

Sjukdom
Ved sjukdom hos barnet skal barnehagen ha melding. Barnet må vere heime til det kan vere med i uteleiken. Dersom barnet har hatt diaré eller oppkast skal barnet haldast heime minst 48 timar etter siste oppkast eller diaré.

Barnehagen kan etter samråd med foreldra sende heim barn som ikkje er friske nok/i god nok form til å vere i barnehagen. Det er viktig å tenke på at lydnivå og tempo i barnehagen er noko anna enn heime. Dette kan verke inn på barn som ikkje er heilt i form.

 

Klede
Hugs å ta med innesko eller tøfler. Barnet treng to sett skifteklede som t.d. bodyar, underklede, skjorte, genser, stillongs/strømpebukse, sokkar og bukse. Utesko, støvlar og vintersko samt regnklede og utedress skal vere i barnehagen. Hugs å sjekke om barnet har nok skifteklede og om kleda er passelege i storleik. Vi har skifteklede både i garderoba og i eigne skuffer på stellerommet.  ALLE KLEDE SKAL VERE MERKA. Klede som vi ikkje veit kven som eig legg vi i ei korg ute i garderoba. 

Barna sine skap og korger er det foreldra sitt ansvar å halde orden i.  Set av litt tid til å rydde garderobeplassen til barnet dykkar når de hentar barnet.

Ellers ved vi om at de hjelper oss med å halde golva i garderoa mest mogleg reine og tørre. Dette av omsyn til barna som skal ferdast der.

 

Bringing/henting
Prøv å sette av god tid om morgonen slik at du sjølv kan kle av barnet. Kanskje kan du og slå av ein prat med personalet. Starten på dagen er viktig for korleis barnet skal ha de resten av dagen, og faktisk for korleis dagen dykkar og vår som vaksen blir. Vi tek ikkje ansvar for barnet før det har vore kommunikasjon mellom den som leverer og ein av personalet i barnehagen. Dersom det ikkje er ein av foreldra som skal hente barnet, skal vi ha melding om dette anten når de leverer om morgonen, eller ved at de ringer og gir meding om dette. Dersom det er personar i barnet sin næraste familie som ikkje har lov til å hente barnet, må vi få meldring om dette.

Gi melding til ein av personalet når de hentar barnet. Dette er viktig for å unngå mistydingar, - har barnet blitt henta eller har det gøymt seg? Ved henting skjer det at de som foreldre slepp barna ut porten til bilane. Då har de sjølve ansvar for barnet om noko skulle skje.

 

Leiker
I Velledalen Naturbarnehage ønskjer vi ikkje at barna skal ta med eigne leiker i barnehagen. Vi kan ikkje ta ansvar for om noko blir øydelagd. I barnehagen har vi til ei kvar tid mange små barn som kan putte leikene i munnen. Leiker heimanfrå kan lett innhalde smådelar som dei små kan sette fast i halsen. Vi ønsker at barna skal bli sett og likt for den dei er og ikkje for det dei har med seg av leiker i barnehagen.

 

Fødselsdag
Vi lagar bursdagskrone. Vi serverer noko godt til lunsj / frukt denne dagen.  Bursdagsbarnet får vere med å bestemme menyen denne dagen, og barnet  vert sett litt ekstra stas på gjennom dagen og ved matbordet.

 

Førskulegruppe
I år har vi ei førskulegruppe på 11 barn.  Vi nyttar Nyborgmodellen i førskulegruppa. Denne møter barna att når dei byrjar i 1. klasse spesielt i faga matematikk og norsk. Vi legg vekt på skuleførebuande oppgåver som begrepstrening (Nyborgmodellen), konsentrasjon og ikkje minst sosial utvikling.

  • Språk og kommunikasjon: Begrepslære, lydar/bokstavar, eventyr, rim, regler og rytme, fortelje og lytte til andre.
  • Matematikk: Begrepslære, mengde, form og tal.
  • Sosial kompetanse: Empati, konsentrasjon, vente på tur, følgje reglar og ta i mot beskjedar.
  • Motorisk ferdigheiter: Rørslekjensle, romkjensle, finmotorikk (hand-auge) og grovmotorikk (hoppe, springe, krype, klatre og åle).

Våren 2013 starta vi eit nytt førskuleopplegg for barna som byrjar ved Velledalen Montessoriskule  AS.  Ein dag for veka frå kl. 09.30-11.00 i 10 veker har førskulebarna vore saman med barna på Gruppe 1 ved skulen.  Slik har dei vorte kjende med barn og lærarar som dei møter igjen i august.  I tillegg har barna vorte kjend med dei arbeidsmåtane dei nyttar i montessoripedagogikken.  Både barn, foreldre og personale ved barnehagen og skulen har vore nøgde med dette opplegget.  Rektor ved Velledalen Montessoriskule har denne våren varsla barnehagen om at det ikkje er sikkert dei klarer å oppretthalde dette opplegget.  i den offentlege skulen er det ein til to dagar førskule i veke 21/22.

 

Ut på tur
Vi kjem til å vere mykje ute på tur, både små barn og storbarn. Førebels har vi ikkje sett faste turdagar. Veret skal ikkje vere noko hinder for å vere på tur. Det er difor viktig at barna har med seg eigna og gode klede. Sjå ellers eiga utstyrsliste.

 

Gymsal
Vi har tider i gymsalen ved grendahuset måndag, onsdag og fredag. Til desse dagane er det viktig at barna har med eigna gymsko/joggesko til bruk i gymsalen. Skoa må vere sklisikre og sitte godt å foten.  Vi ønsker ikkje bruk av crox.

 

Familien
Vi ynskjer å få melding dersom det skjer noko i familien som kan innverke på oppførselen og forma til barnet. Dette kan til dømes vere alvorleg sjukdom, død, separasjon/skilsmisse, flytting, nye syskjen m.m. Dersom vi veit kan vi handle på grunnlag av et og ha høve til å hjelpe barnet i kvardagen på barnehagen. Sykkylven kommune har og utarbeidd ein eigen kriseplan for sorg og krise i barnehagen. Dersom det er noko så ta kontakt med styrar eller dei pedagogiske leiarane. Desse kan eventuelt gje naudsynt informasjon vidare til resten av personalet på barnehagen. I denne samanheng minner vi på at alle tilsette ved barnehagen har teieplikt om alt som har med aribeidet i barnehagen å gjere og informasjon ein får gjennom den.

 

Informasjon
Informasjon utover den daglege kontakta ved henting/bringing vil verte hengt opp i garderoba, lagt i hyllene eller hengt på ytterdøra og lagt ut på barnehagen si heimeside, slik at de som froeldre kan fylgje med på det som skjer. Spesielt viktig informasjon vert sendt i brev til heimane. Det er difor viktig at de tek dykk tid til å lese den informasjonen som vert hengt opp eller sendt med heim. Er det ting de lurer på, eller ting de vil påpeike både på godt og vondt, er det viktig at de tek kontakt og seier det til oss. Vi arbeider alle mot same målet at barna skal ha det best mogleg i barnehagen.