Avdelingar ved barnehagen

Velledalen Naturbarnehage har tre avdelingar som er oppkalla etter fjellområde som vi ser frå barnehagen. Regndalen, Geita og Råna.

Regndalen (1-2 åringane):


Hausten 2022 vil det bli 9 barn på Regndalen. 1 barn er fødd i 2022, 6 barn barn er fødde i 2021 og 2 barn er fødde i 2020

Det komande året har vi bestemt at vi skal halde fram med å bruke ”snakkepakken året rundt” på alle basane i barnehagen. ” Snakkepakken” er eit pedagogisk språkverktøy som er med på å styrke barna si språkutvikling. Månadsplanane vil innehalde tema frå dei ulike fokusområda i rammeplanen. Dei fleste av aktivitetane gjennom dagane vil ha impulsar frå ”snakkepakken”, og samlingane vil vere fine arenaer for bruk av språkverktøyet.

Kvardagen på basen vil vere prega av omsorg, nærheit og trygge vaksne.
Det er viktig for oss å få trygge barn på basen, og for å få dette til treng vi også trygge foreldre. Personalet på basen vil difor legge vekt på å få til eit godt foreldresamarbeid. Vi vil arbeide for å få til gode rutine situasjonar
som gjer at barnehagekvardagen vert forutsigbar for dei minste. Barna skal kjenne tryggleik i kvardagen, og dei skal få vere med på å prege eigen kvardag gjennom kroppsspråk og handling. Her må vi vaksne vere lydhøyre for barna sine innspel.

Vi skal arbeide for å gjere barna bevisste på eigen og andre sin kropp. Vi har ulike bøker innan dette temaet som vi vil lese for barna både i gruppe og i ein til ein situasjonar. Ved å vere tilstades i lag med barna vil vi kunne gå inn i situasjonar og sette ord på det som skjer. Slik vil vi kunne hjelpe barna til å få ei breiare forståing av det som skjer.

Sjølv om vi har dei yngste barna på barnehagen vil vi prøve å vere mykje ute. Vinterstid greier vi nok ikkje å vere like mykje ute som elles, men intensjonen er at vi skal ut ein tur kvar dag.

Vi skal ut på tur , vi skal utforske nærområdet og finne oss spennande stader som vi kan gjere til ”våre ” leike område. Maten tek vi gjerne med dersom det passar slik.

 

Geita (3-4 åringane):

Frå hausten 2022 vil vi ha 13 barn, 1 barn er fødd i 2020,6 barn fødde i 2019, og 6 barn fødde i 2018.  Dette vert spennande!

Som dei to andre basane i barnehagen skal vi også arbeide med ”snakkepakken året rundt”. Der hentar vi ut dei elementa som vi ønskjer å ha med oss og som vi meiner vil passe best for gruppa.

Hovudmåla for oss er omsorg, leik, læring og sosial og språkleg kompetanse. For å oppnå desse måla har vi mange idear som vi ønskjer å gjennomføre saman med barna.  Her er nokre eksempel på kva vi vil fokusere på:

Uteliv,  der vi tek med oss tema frå ”snakkepakken”. Vi vil bruke drama gjennom ulike forteljingar og eventyr, og vi vil arbeide med song og musikk ute. Forskarar hevdar at musikk er viktig for utvikling av språk og sosial kompetanse.

Vi kjem ofte til å ete maten vår ute og til å lage mat ute. Vi vil gradvis auke lengda på turane, og kanskje vil dette bli ei fin førebuing til tida på utebasen seinare.

Vi vil også arbeide med kreative aktivitetar knytt til naturmateriale. Det er spennande å sjå kva vi kan bruke ting til. Vi tenkjer oss at treåringane vil ha stort utbytte av motorisk trening i terreng. Vi får høve til å lære meir om natur, dyreliv, plantar og vekstar.

Innføring av visuell dagsplan, der barna får hjelp til å få oversikt over eigen
kvardag. Vi vil bruke enkle og tydelege bilder som barna lett kan forstå.

3– års alderen er viktig når det gjeld utvikling av språk og språkforståing. Vi vil arbeide med å gi alle barna best muleg kompetanse på området ut frå deira eigne føresetnader.

Vi har veldig mange tankar og idear, og vi gler oss veldig til å ta fatt på
hausten!

Råna (5 åringane):

Naturen kan ikkje beskrivast den må opplevast!

På loftstova på barnehagen har utegruppa Råna sin base. Utegruppa har som mål hovudsakleg å bruke naturen som leikearena. Det betyr at gruppa på Råna mest muleg skal  halde på med leik og aktivitetar ute, anten på uteområdet til barnehagen eller på tur.

Barnehageåret 2022/2023 er tiande året Velledalen Naturbarnehage SA har dette tilbodet. Gruppa på Råna består av dei største barna på barnehagen. Dette barnehageåret består gruppa av 8 barn fødd i 2017. 

Barnehagen ligg flott til og vi har mange fine turmål i nærleiken av barnehagen. Vi har lett tilgang til ulike miljø som eng og utmark, ulike skogtypar som gran- og

lauvskog og elvar. I framtida satsar Velledalen Naturbarnehage SA på eit uthus på marka nedom barnehagen. Uthuset kan gi plass for utvida dyrehald, men og fungere som ein base for utegruppa på dagtid. Dette vil gi oss høve til ein variert kvardag ute i naturen.

Natur- og sanseopplevingar er ein raud tråd gjennom året. Naturopplevingar kan bidra til leik og kreativ utfolding, til erfaring og læring innanfor fleire fag område, og ikkje minst til fysisk og mental helse. Naturen er ein unik læringsarena som kan fremme utviklinga til barn på fleire plan. Naturen gir fysiske utfordringar og fremmar den motoriske utviklinga til barn. Samstundes skaper naturen mange situasjonar som barn og vaksne kan undre seg over og filosofere rundt. Følelsen av mestring og glede er eit naturleg resultat av å ferdast ute i naturen.

Sanseopplevingar i naturen inneber at vi nyttar alle sansane våre. Vi ser, kjenner, smakar, luktar og opplever med kroppen vår. Sanseinntrykka gir oss eit allsidig bilde av naturen, og hjelper oss til å forstå ulike naturfenomen som til dømes årstidene.

Naturen er full av mange vakre ting og gir oss estetiske opplevingar. Vi er varsame og omtenksame overfor det vi synest er vakkert. Naturen treng varsam og omtenksam bruk. Naturopplevingar bidreg til å fremme respekt for samspelet i naturen.

Temaet natur- og miljøvern vil følgje oss gjennom heile barnehageåret.
Her kjem vi til å bruke ”Svanhilds reise” ein aktivitetspakke laga av Miljømerkinga.

Sist, men ikkje minst vil vi at naturopplevingar skal ha sin eigenverdi. Å vere ute i naturen treng ikkje vere prestasjons- eller nytte-orientert. DET ER EIT MÅL I SEG SJØLV.