Velledalen Naturbarnehage SA

Velledalen Naturbarnehage SA ligg i hjartet av Velledalen Kulturpark. Naturbarnehagen ligg i nær tilknytning til Velledalen Montessoriskule, Velledalen Grendahus med sal, scene og symjehall, Dalemyra Stadion med grusbane og grasbane.

Velledalen Naturbarnehage SA vart opna 28. oktober 2009 og vi feira med storslagen opningsfest 31. oktober 2009. Barnehagen har 47 plassar for barn i alderen 0-5 år.

Velledalen Naturbarnehage SA vart stifta av ulike lag og organisasjonar tilknytta Velledalen.

Barnehagen er saman med dei kommunale og dei fleste private barnehagane i kommunen med i prosjektet "Den Sykkylvske barnehage - ein plass for den gode barndom".