SOLID START SYKKYLVEN - AKTIVITETAR I JANUAR 2017

SOLID START SYKKYLVEN er ei satsing på motorikk og fysisk aktivitet i barnehagen , etter inspirasjon frå Gausdalmodellen. Satsinga er i samarbeid med kommunal fysioterapeut og ergoterapeut. Tilbodet omfattar alle barn i aldersgruppa 3-6 år i barnehagen.

Barnehagen skal følgje eit årshjul i motorisk aktivitet. Dette er med å legg grunnlaget for utvikling av ferdigheiter som skal gjere barnet meir modent og klar for skulestart. Motorikk vert ikkje utvikla av seg sjølv. Vi må gjere ting mange gongar for at vi skal meistre ei fysisik oppgåve. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring gjennom aktivitet. Aktivitetane er for alle og tilpassast dei barna som treng ekstra tilrettelegging.

I januar og februar skal barnehagen arbeide med aktivitetar som fremjar synssansen og koordinasjon.

Synssans:

Synssansen er ein viktig sans og den er vanlegvis vårt viktigaste reiskap for kontakt, kommunikasjon, læring og samhandling. Synet hjelper barnet å halde balansen, unngå hindringar og bedømme underlaget. Synssansen er viktig for oppfatning av rom, retning og avstand. Synssansen og frigjorte augebevegelsar har stor tyding for barnet når det lærer å lese. Å sjå i bøker, legge puslespel, gjenkjenne fargar og former i  rommet er fine aktivitetar heime. Det er også bra for synet å studere ting på avstand. Ta ein tur ut for å sjå etter dyr, spor og anna i terrenget.

Koordinasjon:

Koordinasjon er evna til å samordne kroppsrørsler i forhold til kvarandre. Det er samspel mellom sansar, nervar og musklar som er i rørsle. Koordinasjon omfattar balanse, rytme, reaksjonsevne, romorientering, koordinasjon mellom auge-hand og auge-fot og samspel mellom belastning og avspenning. Koordinasjon vert utvikla gjennom modning, vekst og aktivitet.  Skigåing er ein flott aktivitet der ein må koordinere bruk av armar og bein.

Bevegelse ute i naturen er difor ein fin aktivitet for å utvikle koordinasjon og synssansen!