Sjekk bemanning og tilskot i barnehage-Norge

På ei ny nettside kan du finne informasjon om korleis di kommune prioriterer barn i barnehagar.

Her kan du finne svar på:

  • Korleis barnehagebemanninga er i Sykkylven kommune?
  • Kor mange av dei tilsette som er pedagogar?
  • Kva tilskot Sykkylven kommune gir til barn i barnehagar?

Ved å gå inn på www.enbedrebarnehage.no finn du tala for Sykkylven kommune.

Du kan og lese meir ved å gå inn på linken under:

En bedre barnehage

Velledalen Naturbarnehage SA har høg personaltettleik og barnehagen kjem  godt ut samanlikna med dei andre barnehagane i Sykkylven kommune.

Vi har stor andel barne-og ungdomsarbeidarar og liten grad av dispensasjonar frå utdanningskravet  for pedagogiske leiarar.