RUSSEDÅP AV ROSARUSSEN VED VELLEDALEN NATURBARNEHAGE SA

Det var stor stas på barnehagen i dag då raudrussen kom på besøk for å døype dei 4 rosarussane ved barnehagen.

Russepresident Hedda Hjortdal hadde teke med seg ein gjeng kjekke raudrussar for å gjere stas på rosarussen ved barnehagen.  Kjekt var det at dei og gjorde stas på alle dei andre barnehagebarna.  Raudrussen hadde kjøpt is til alle barnehagebarna, og gjett om dette vart godt motteke!

 

Russepresident Hedda Hjortdal og medruss Hege Urke Brunstad overrekte høgtidleg dåpsattest og døypte dei fire rosarussane Maria, Sophia, Adrian og Kristian i rosa drikkeyoughurt.

 

Etterpå var det forografering ved russebilen saman med raudrussane.

Foto: Carola Herrmann