RÅNA – ein utebase for dei eldste i Velledalen Naturbarnehage

Dersom du vil gi barnet ditt eit spennande år i friluft, med mange gode opplevingar i naturen saman med andre, før skule kvardagen slår til – søk på Velledalen Naturbarnehage, ein unik barnehage i Sykkylven kommune.

Søknadsfristen er snart over dersom  det er  aktuelt for deg å søke plass på Velledalen Naturbarnehage. Vi kan tilby plass for førskulebarn på barnehagens ute-base. Dette er ein base som har friluftsliv i fokus, og vi er gjennomsnittleg 4 timer ute kvar dag. Vi disponerer eit spennande utområde rett ved sidan av barnehagen, som gir barna motoriske utfordringar i ulendt terreng.  Her er mange tre å klatre i, og eit jordbruksareal på meir enn 200 da. På uteområdet  bur det  tre kaninar og eit hønsehus venter på sine bebuarar til våren. Eit utehus som base og rom for fleire dyr er i byggeplan fasen. I tillegg har vi mange tur mål vi bruker å gå til og vi har muligheit å opphalde oss der heile dagen. Ein transportabel Lavvo, stormkjøkken og kunnskap om bål tenning set ingen grenser for å slå leir kvar som helst. Ved dårlege verforhold kan vi bruke gymsalen på Velledalen Grendahus. Personalet på Råna-basen har fordjupande utdanning innan friluftsliv og kan sjå tilbake på meir enn 7 år arbeidserfaring i friluftsbarnehagar.

Dersom du vil gi barnet ditt eit spennande år i friluft, med mange gode opplevingar i naturen saman med andre, før skule kvardagen slår til – søk på Velledalen Naturbarnehage, ein unik barnehage i Sykkylven kommune.