Tur i 12 minus grader :)

Så lenge vi held oss i aktivitet spelar det ingen rolle kva gradestokken viser.

Barna frå Råna-gruppa gjekk på tur til Kosemoseskogen i dag i -12 grader Celsius.  Ein frisk og sprek gjeng som syntes at lunsjen smakte ekstra godt framfor bålet. Vi hadde med varm blåbærte som varma godt.  Is i veggrøfta inviterte til morosam leik undervegs og i skogen varma vi hendene over bålet. Så lenge vi held oss i aktivitet spelar det inga rolla kva gradestokken viser. Det er moro å vere på tur.