OPPSTART NYTT BARNHAGEÅR 2020/2021

Velkommen til nytt barnehageår. Første dag etter ferien er tysdag 11.august 2020 for barn som allereie går i barnehagen.

Barnehagen har planleggingsdag måndag 10. august 2020 og barnehagen er difor stengt denne dagen.  

På grunn av Covid-19 vil oppstart og tilvenning i barnehagen vere litt ansleis enn tidlegare år.

Kunnskapsdepartementet har varsla at oppstart av nytt barnehageår pr. i dag er med smitteverntitlak på gult nivå.

Tiltak på gult nivå inneber at:

  • Ingen som er sjuke skal kome i barnehagen
  • God hygine
  • Kontaktreduserande tiltak

Kontaktreduserande tiltak inneber:

  • Å unngå fysisk kontakt mellom tilsette/handhelsing og klemming
  • Heile avdelingar vert rekna som ein kohort
  • Fast tilsette pr. kohort/avdeling
  • To avdelingar/kohortar kan samarbeide for praktisk gjennomføring av barnehagedagen, fortrinnsvis ute.
  • Unngå trengsel og store samlingar
  • Tilstrebe avstand mellom avdelingar som ikkje samarbeider
  • Inndeling av uteområdet for å halde avstand mellom avdelingar

OPPMØTE, HENTETIDER OG OPPSART AV BARNEHAGEDAGEN UTE.

Barn som har plass i barnehagen vil halde fram med dei hente- og oppmøtetider som var avtalt før barnet gjekk ut i ferie. For nye barn som skal byrje i barnehagen vil pedagogisk leiar ta kontakt med dykk for å avtale oppmøte- og hentetider samt tidspunkt for tilvenning. Tidspunkt for tilvenning vart sendt ut i veke 28. Barnehagedagen vil framleis starte ute og barna må vere kledd i uteklede når dei kjem i barnehagen.

Bakgrunnen for faste oppmøte- og hentetider er smittevernfaglege krav til forsvarleg drift i barnehagen. Ved bruk av faste oppmøte- og hentetider klarer vi å begrense trengsel på veg inn og ut av barnehagen. I tillegg sikrar vi forsvarleg bemannning gjennom heile barnehagedagen.

Dersom du/de har behov for å endre oppmøte- og hentetidspunkt bed vi om at du tek kontakt med pedagogisk leiar på den avdeling der barnet/barna går på måndag 10.08.20

BARNEHAGETILVENNING.

Barnehagetilvenning vert frå august 2020 gjennomført på gult nivå på følgjande måte:

  • Barnet og føresette må forhalde seg til den avdelinga barnet tilhøyrer.
  • Tilvenninga skjer i barnets avdeling (kohort)
  • Så langt det er muleg ønskjer vi at ein fast føresett gjennomfører tilvenningsperioden i barnehagen. Føresette kan vere inne saman med barnet og avdelinga som barnet skal tilhøyre.
  • Den føresette må halde minimum ein meters avstand til ansatte, andre føresette og adre sine barn så langt dette er muleg.
  • Store delar av tilvenninga vil foregå ute 
  • Barn og føresette kan bli kjende med resten av barnehagen når dei andre barna er ute.
  • Avdelinga fører liste på barn og vaksne som har vore på avdelinga samstundes.
  • Ved raudt nivå bør kun eitt barn pr. avdeling tilvennast samstundes.
  • Oppstartssamtalen vert gjennomført på dagtid og eventuelt digitalt.

Smittevernvegleiaren (revidert 29.05.20) ligg til grun for gjennomføring av tilvenningsperioden.

SMITTEVERNTITAK UNDER TILVENNINGSPERIODEN.

  • Barn og føresette skal vere friske ved oppstart og dei må ikkje vere i karantene.
  • Føresette må gi beskjed dersom dei vert sjuke etter besøksdagar/tilvenningsdagar.
  • Hald avstand (minimum ein meter), vask hender og berre ein forelder bør delta på tilvenninga.

Ta gjerne kontakt med dagleg leiar i barnehagen dersom det er noko du treng meir informasjon om.