BARNEHAGEN OPNAR IGJEN MÅNDAG 20.04.20

Folkehelseinstituttet og Utdanningsdirektoratet har utarbeidd ein ny rettleiar som skal gjelde for barnehagane etter gjenopning. Velledalen naturbarnehage SA vil fylgje dei råd og tiltak som står i rettleiaren. Dette skal bidra til at både foreldre, barn og tilsette skal føle seg trygge.

Forå avgrense smitte og gjere gjenopninga av barnehagen forsvarleg har vi sett i gong ei rekkje tiltak.

  1. Barn og vaksne skal vere friske for å vere i barnehagen. Det betyr at terskelen for å vere heime frå barnehagen er låg.Det betyr at barn og vaksne som framstår som sjuke ikkje skal                vere i barnehagen.Sjølv ved milde luftvegssyptom og liten sjukdomsfølelse skal barna ikkje møte i barnehagen. Dei skal halde seg heime til dei har vore symptomfrie i eitt døgn.
  2. God hygiene og handvskrutiner
  3. Gjennom oppretting av kohorter og faste personale på kohortane reduserer vi kontakta mellom    personar. Som foreldre skal de ikkje inn i barnehagen. Levering og henting skjer ute. 

Redusert opningstid:

Barnehagen har danna små grupper med faste vaksne. På Regndalen har vi to grupper no i veke 17 med fast personale. Gruppene er vekselsvis ute og inne. På Geita har vi også to grupper med fast personale. På Råna har vi denne veka berre ei gruppe med fast personale.  Vi har utarbeidd godre rutiner for reinhald og handvask. vi har gitt dei ulike gruppene eigen leikekasser slik at leiker ikkje vert benytta på tvers av gruppene og leikene vert vaska slik smittevernrettleiaren anbefaler. For å klare å gjennomføre smittevernreglane på ein god måte innanfor dagens bemanning må vi på same måte som dei kommunale barnehagane i  Sykkylven kommune redusere opningstidene i barnehagen. barnehagen er opne frå kl. 08.00-16.00. Tre grupper har opphaldstid frå kl. 08.00-15.30 og tre grupper har opphaldstid frå kl. 08.30-16.00.  På denne måte prøver vi å redusere presset ved levring og henting.Ved bringing og henting ønskjer vi at foreldra i minst muleg grad vert med inn i barnehagen. Vi ønskjer i staden at barnet skal verte møtt av ein tilsett ved inngangen. Barnet sitt behov for tryggleik må likevel til ei kvar tid vege tyngst.

Informasjon til foreldre:

Utdanningsdirektoratet har laga eit skriv som alle foreldre bør lese. Skrivet innheld informasjon som er nyttig å få med seg i samband med gjenopning av barnehagen. Du finn skrivet i lenka under:

forelderinfo_nynorsk-v1

forelderinfo_engelsk

forelderinfo_polsk

forelderinfo_russisk

foreldre-bhg (1)

Smittevernvegleiar:

vi anbefaler at alle les smittevernvegeliaren frå FHI og utdanningsdirektoratet. I vegleiaren finn du meir informasjon om kva tiltak som vert sett i verk og om det er barn/vaksne som ein må ta spesielle omsyn til. Smittevernvegleiaren finn du i linken under:

Smittevernveileder korona og oppstart barnehage