SKULEKLARE BARN SKAL BLI BETRE TATT VARE PÅ

Frå og med august 2018 har skulane fått ei ny lovfesta plikt til å samarbeide med barnehagane om overgangen til barna frå barnehage til skule.

Ein god overgang gjev tryggleik til både barn og foreldre. Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner seier i ei pressemelding at det vert enklare for skulen å gi ei betre oppfølging tidleg når dei får meir kjennskap og kunnskap om dei nye elevane sine.

Det er skulen som må utarbeide ein plan for å sikre ein god overgang frå barnehage til skule. Målet er at alle barn skal få ein god overgang til skulen uavhengig av kva for ein barnehage dei går i og kva for ein skule dei skal byrje på.

I Sykkylven kommune har vi i fleire år hatt ein slik plan.  No har skuleeigar fått ansvar for å utarbeide planar for overgangen og retningsliner for gjennomføringa. Dette skal gjere at dei nye førsteklassingane får tettare oppfølging enn tidlegare.