VARM MAT FRÅ BARNEHAEGMATEN.NO

Vi ønskjer å prøve ut levering av varm mat frå barnehagematen.no. I første omgang har vi ei prøveperiode på 8 veker. Dei vaksne et sjølvsagt saman med barna, og vi gler oss til å prøve ut menyen saman med barna.

Det vert varm mat kvar måndag og fredag i 8 veker framover. Det kan i tillegg bli laga varm mat andre dagar saman med barna både inne og ute på tur, i grillhytta eller på bålpanna ved kosebua. 

Menyen i veke 34 er:

Måndag: Pølselapskaus med govt brød

Fredag:  Kjøtkaker med kokte poteter, gulrot og blomkål/brokkoli

VARM MAT VEKE 34

Under fagområdet kropp, rørsle, mat og helse i den nye Rammeplanen for barnehagen vert det understreka at vaner og handlingsmønster tek form frå tidleg alder av. Gode vanar som ein tileignar seg i barnehagen, kan vare livet ut. Barnehagen skal legge til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur. Gjennom ein variert meny laga av profesjonelle kokkar håper vi å legge til rette for matglede og matkultur. Det er sjølvsagt også viktig at vi saman med barna lagar mat. Mat som ein har laga sjølv smakar ofte særs godt, og ekstra godt smakar maten ute på tur. Vi vil også gjennom grønt flagg prosjektet fokusere på kjøkkenhage og dyrking våren 2019. Gjennom medverknad i mat og måltidsaktivitetar blir barna motivert til å ete sunn mat og dei får ei grunnleggande forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse.

 

VELBEKOMME!