Velledalen Naturbarnehage SA er med på protestaksjonen 24. november 2021

Onsdag 24. november 2021 stenger barnehagen kl. 14.00 som eit ledd i PBL sin prostestaksjon mot kutt i pensjonstilskot i 2022.

Frå 2022 vil alle private barnehagar få eit kutt i pensjonstilskot. Dette trass i at dei privatebarnehagane allereie får minder å drive for enn dei kommunale barnehagane. Samfunnet sparer fleire hundre millioner kroner på privat barnehagedrift. Denne klarer private barnehagar samstundes som undersøkelsar viser at  foreldre og føresett til barn i private barnehagar er vel så fornøgde som foreldre /føresette i kommunale barnehagar. 

Barnehagn vår har frå 2018 og fram til 2021 hatt ein realnedgang i driftsinntekter når det gjeld kommunalt driftstilskot. Først no i 2021 er vi oppe på same kronebeløp som i 2018 trass i ein lønns- og prisvekst på godt over 2% i perioden. I same periode har det blitt innført pedagognorm og bemanningsnorm som vert finansiert ut frå rekneskapstal 2 år attende i tid i kommuna. Å då få eit ytterlegare kutt i tilskot i 2022 som følgje av reduskjon i pensjonstilskot er svært alvorleg, ikkje berre for vår barnehage, men for alle dei private barnehagane i Sykkylven kommune.

Onsdag 24. november ber PBL dei private barnehagane om å protestere mot dette kuttet ved å stenge dørenen kl. 14.00. Velledalen Naturbarnehage SA kjem til å vere med på denne aksjonen saman med dei andre private barnehagane i Sykkylven kommune.

Vi synest det er svært alvorleg og urettferdig at barn som går i private barnehagar ikkje er like mykje verdt som barn som går i kommunale barnehagar. Kutt i pensjonstilskot vil innebere at vi ikkje lenger har høve til å sette inn vikar ved sjukdom, avspasering/ferieavvikling osv. I neste omgang vil kuttet innebere mindre pengar til vedlikehald og innkjøp av driftsmaterialer. Ca 70% av barnehagensinntekter går til lønn. Det inneber at vi først og fremst må kutte på lønnskostnader og då i første omgang vikarutgifter.

Vi ønskjer at de foreldre støttar oss i denne aksjonen og hentar barnet dykkar innan kl. 14.00 denne dagen.

Til sjuande og sist handlar det om korleis barnehagekvardagen til dykkar barn skal vere /blir i framtida. Vi meiner at alle barn er like mykje verdt uansett om dei går i ein privat barnehage eller ein kommunal barnehage.

De finn meir stoff om dette på pb.no eller på barnehage.no.

 

Mvh Torild Hole

Dagleg leiar Velledalen Naturbarnehage SA