STUDIEDAG 13. APRIL 2016

"Å LÆRE MED HEILE KROPPEN"

Som ei førebuing før Gausdalsmodellen( dagleg motorisk trening av alle barn mellom  3-6 år)skal implementerast i barnehagane i Sykkylven kommune fekk alle tilsette tilbod om denne studiedagen.

Førelesar var Anne Berg som er høgskulelektor i fysisk aktivitet og helse ved Dronning Mauds Minne Høgskole for barnehagelærere.  Anne Berg har master i idrett frå NTNU med hovudfokus på motorisk usikre barn.

 

Tema frå dagen har vore:

  • Kva betyr fysisk aktivitet for barn si evne til læring?
  • Kva er motorikk og korleis kan motorikken stimulerast?
  • Kva er sansemotorikk? Og kva betyr sansane for barn si evne til motorisk læring, språkutvikling og lese- og skriveinnlæring?
  • Kva kan gjerast og korleis stimulere?
  • Kva betyr refleksane for barn si evne til utvilkling og læring?
  • kva betyr kosthaldet for barn si evne til utvikling og læring?