NASJONAL KAMPANJE MOT MOBBING

I veke 36 går nasjonal kampanje mot mobbing av stabelen. Velledalen naturbarnehage er med på kampanja.

Du kan lese meir om kampanja på facebooksida: manifest mot mobbing eller ved å gå inn på Utdanningsdirektoratet si heimeside:  http://mmm.udir.no/

I barnehagen vår innleiar vi kampanja med å sette mobbing av barn i barnehagen på dagsorden på personalmøtet 31.08.15.   Denne dagen har personalet fokus på temaet "Barns trivsel-vaksne sitt ansvar"  Barnehagen har utarbeidd eigen tiltaksplan dersom mobbing i barnehagen vår skulle skje.

Tiltaksplanen finn de i linken under:

Mobbing av barn i barnehagen HMS dokument 5.3.1-5.3.3.

I komande veke vil dei ha fokus på vennskap på alle avdelingane på barnehagen.  Geita vil øve inn songen "Skal vi vere venner" og Råna øver på songen " Stopp ikkje mobb"  I tillegg vil vi i Gymleiken øve på "BlimE -dansen " laga for barnehagane i månadane framover.  Dansen vil bli vist på NRK Super 13. november.  BlimE sangen i 2015 heiter " DILLA PÅ"

Du kan høyre songen her:

Dilla-på-BlimE-2015