17. MAI FEIRING PÅ BARNEHAGEN EIN DAG FØR DEN STORE DAGEN!

16. MAI FEIRA VI GRUNNLOVA OG 17. MAI PÅ FORSKOT PÅ BARNEHAGEN. I god 17. mai tradisjon hadde vi tog, leikar og festmeny !

Vi starta med deileg festmat!  På menyen stod grillspyd som Naomi og Susann hadde hjelpt dei vaksne å lage.

 

Etter eit godt måltid gjekk vi ut for å gå i tog!  Alle barna og dei vaksne var kjempeklinke til å halde takta!

Barnehagen har ei kjempefin fane!

Etterpå var det leikar i og utanfor barnehageområdet.

Her er det kast på bøtte med erteposar som er aktiviteten!  Eller kanskje det var kast på Jan -Erik?

Potetløp var ein populær aktivitet.

Sykkeløp er alltid populært!