DETEKTIV ULLA KRULLE OG DEI FIRE STORE

Førstkomande måndag 26.11.18 kjem Ulla Krulle til barnehagen med ny juleførestilling. Denne gongen heiter førestillinga Detektiv Ulla Krulle og dei fire store - jakta på juletjuven

Ulla Krulle er verdas flinkaste og snillaste strikkedame. Ho strikkar julegåver for julenissen. Som vanleg har Ulla Krulle det travelt før jul, men i år har det dukka opp eit problem. Ein juletjuv er på ferde, og julegåver vert borte. Julenissen er fortvila. Alle dei store detektivane i landet er på saka, og vi møter både Kjell Lock Holms, Fader Brun, Herr Kul Poi-Rot og Janne M. Eple. Alle står fast i saka og kleiar seg i hovudet.

Ulla Krulle bestemmer seg for å bli detektiv sjølv og ho byrjar å samle bevis. Sakte men sikkert nøstar ho opp saka. Ho blir imidlertid overraska då det viser seg at tjuven er ein av detektivane. Korleis kan det vere muleg og kva er motivet?